Show full image
Hide full image

Konsert med Bjarte Eike, Øystein Rudi, Marianne Thorsen og Jo Asgeir Lie.

Pris fra
350 NOK NOK
07 | October 19:00
Element av både klassisk musikk, folkemusikk, trekkspell og finstemt elvesus i MENT sine unike fabrikklokaler ved Laugen. Vi lovar feststeming og god musikk når desse musikarane møtes på Fåberg. Eller som Bjarte Eike sjølv seier: «It´s just old pop music»! Omvisning i fabrikken i forkant. Konserten arrangerast i samarbeid med Ment og Frakke Folk.

Artister
Bjarte Eike
Øystein Rudi
Marianne Thorsen
Jo Asgeir Lie
Unni Løvlid

Spillested Ment på Fåberg

Pris 350,-

Dato 7. oktober
Klokken 19:00

Velkomen til musikkfest!
Det er med glede, iver og entusiasme vi ønskjer velkomen attende til Gudbrandsdal Musikkfest. Musikk er verdsspråket som bind folk saman, og vår musikkfest skal skape store opplevingar og trivsel. Vi håper musikkfesten skal bli ein møteplass mellom folk frå bygdene i dalen, hyttefolk i gudbrandsdalske fjell og godtfolk som kjem eins ærend for å høyre fin musikk.

Det har vore eventyrleg å få løfte Gudbrandsdal Musikkfest i gang. Frå Lillehammer i sør til Lom og Lesja i nord har vi møtt applaus for at heile dalen skal skape noko unikt saman.

Mange av dei fremste utøvarane frå folkeleg klassisk musikk og klassisk folkemusikk er klare. På veg til konsert kan du oppleva det gudbrandsdalske kjøkenet, med h3ande mat og drikke på menyen. Og vi byr på konsertarenaer med sjarm og særpreg, med vertskap som gler seg stort til besøk.

Vel møtt!

Styre – Kjetil Bjerkestrand, Arve Tellefsen, Vegard Moshagen, Bjarne Slapgard og Øystein Rudi.

Kunstnerisk råd – Ingeborg Schübeler Gillebo, Peter Szilvay og styret i Gudbrandsal Musikkfest.

Fasiliteter